Skip to main content Skip to footer

04-05-2024

The Greatest Show 2

The Greatest Show 2024
 

Herøy kulturskule og Birgitte Vik Wymer sine songelevar ynskjer å ta publikum med på ei musikalsk reise med både moderne låtar, gode gamle låtar og nokre norske godbitar.

Songlærar Birgitte har også i år laga nokre videoar til låtane og musikken som elevane skal framføre. Dette blir veldig fint på det nye flotte lerretet i konsertsalen.

Det er mange elevar som også dansar og spelar instrument, og det blir fleire kjempefine innslag med song-, dans- og musikkelelevane i lag.

 Elevane har jobba lenge med dette programmet, og mange av låtane er øvd inn med fleire stemmer og harmoniar.
 
Vi gler oss til å presentere dette til publikum på den flotte scena i Fosnavåg konserthus. Det er mange elevar totalt som skal opptre, så difor deler vi det opp i 2 konsertar, kl 14:00 for dei yngste elevane og kl 19:00 for dei eldste.
 
Det blir mange høgdepunkt, og du er hjarteleg velkommen til å oppleve dette med elevar frå Herøy kulturskule.
 
Billett kr. 200,- for vaksne og gratis for born og ungdom under 18 år.