Fredag 26.april kl 1800 blir det stor VENNEFEST på Herøy kulturhus

Herøy kulturskule inviterer til årets Vennefest på kulturhuset.
 
Dette er eit stort show for dei yngste elevane. Her blir det mange musikalske godbitar, og Øyre Lyd AS syter for god lyd og mykje flott scenelys.
 
Elevar som øver gjennom heile året skal då få vise fram noko av det dei har lært på kulturskulen. Ekstra spennande på årets show er bruk av iPad og GarageBand.Tenk at ein kan finne lyden av nesten alle instrument i verda inne i eit nettbrett? For ikkje å snakke om alle lydeffektane som ein kan lage sjøl! Det er berre fantasien som set grenser. 
 
Elles blir det dansegrupper, minitrompet, fiolin, piano, ballett, saxofon, gutedans, Havella junior, song, gitar, flygel, drama, keyboard, trekkspel, trombone og utstilling frå gruppa i Visuelle kunstfag.
 
Ta ein tur på Herøy kulturhus denne fredagen og høyr på dei flinke elevane frå Herøy kulturskule :-)
 
Billettar finn ein på www.heroy.kulturhus.no
 
Vaksne kr. 150,-
​Born kr. 50,-

Kulturskuleveka 2019

Kulturskuleveka 2019 er i gang, og Herøy kulturskule starta med konsert på Møre barne- og ungdomsskule mandag 8.april.
Tilsaman 8 ulike elevkonsertar skal haldast denne veka, og alle barneskulane får besøk av elevar og lærarar frå kulturskulen.
 
I tillegg til dei "vanlege" instrumenta som piano, kornett, gitar, keyboard, fiolin og song var også iPad. Kan iPad brukast som vanleg instrument då?? Ja sjølvsagt. 
 
- Inne i dette vesle nettbrettet har ein tilgang til det meste av instrument, seier Knut Vegar Prytz. Han er nettopp ferdig med eit introdusjonskurs i bruk av iPad med musikkprogrammet GarageBand. 6-7 elevar har gått på dette kurset og dei har fått ei innføring i bruken av dette "instrumentet".
 
 
- Det var mykje kreativitet på desse elevane som fekk vise seg fram for foreldre og søsken på siste kurskvelden, seier Knut Vegar vidare.
- Dei låtane som elevane laga, har vi lasta opp på SoundCloud slik at alle som vil kan få høyre kva dei har laga. Dette gav meirsmak og håpet er at vi får fyllt opp fleire grupper til hausten, seier han. 
 
På Møre var det fullt amfi i musikkromet, og elevane som var publikum var veldig nøgd med denne litt utradisjonelle klassetimen.