Kurs i GarageBand ved Herøy kulturskule - Musikkteknologi

04.02.2019
Molde Kulturskole
RUNPAU
Kurs i GarageBand ved Herøy kulturskule - Musikkteknologi

Herøy kulturskule tilbyr eit kurs i GarageBand på iPad. Dette er er eit prøvekurs for dei som vurderar å melde seg på det nye fagtilbudet i Musikkteknologi som vi kjem til å tilby frå hausten 2019 (med forbehald om nok påmeldte elevar).
Kurset vil gå over fire fredagar på kulturhuset. Kl 16.00 – 17.30
  • Fredag 08.mars
  • Fredag 22.mars...
  • Fredag 29.mars
  • Fredag 05.april – Avslutning med presentasjon for publikum

Kurset vil gje deltakarane ei praktisk innføring i bruk av appen GarageBand på iPad, og målet er at elevane skal få oppleve meistring og glede ved å bruke nettbrett på ein kreativ måte til å arrangere/komponere eigen musikk.
Elevane vil få konkrete arbeidsoppgåver og mot slutten av kurset skal alle ha arrangert/komponert eit musikkstykke som skal presenterast for publikum, samt publiserast på internett.

Krav til alder og forkunnskaper:
  • Må være over 9 år og ha grunnleggande kunnskap i bruk av nettbrett/mobiltelefon/datamaskin. Treng ikkje å kunne spele noko musikkinstrument
Utstyrskrav:
  • Elevane må ta med eigne hodetelefonar med minijack-kobling.
  • Kulturskulen sørgar for at elevane får låne iPad på kurset. (Kan ikkje lånast med heim)
  • Dei som har eigen iPad med ferdig installert GarageBand kan ta med den
 
Det er begrensa med plassar på dette kurset. Fyrstemann til mølla.
Lærar: Knut Vegar Prytz.
Pris: kr.400.
Søknadsfrist: 20.02.2019
Ta kontakt med vikarrektor Rune Paulsen: rune.paulsen@heroy.kommune.no