Skip to main content Skip to footer

Herøy kulturskule – 50 år i 2024!

Elevar som dansas på Be'glorious 2023

 

21.januar 1974 var første undervisningsdag i Herøy Musikkskule. Sunnmøre Arbeideravis kunne måndag 7.januar melde at «søknanden til musikkskulen har vore overveldande. Ein rekna med 150 søkjarar, men fekk over 500»

Det er veldig mange av Herøy sine born og unge som har vore innom skulen og lært seg eit eller fleire instrument i løpet av desse 50 åra. Fleire av dei har gjort musikk til sin leveveg. Mange spelar fortsatt på eit instrument i godt vaksen alder, og har det som ein fin og meiningsfylt fritidsaktivitet.

I 1989 vart omgrepet musikkskule erstatta med kulturskule, og skulen vart heimla i opplæringslova. Då kom også kunstfag, drama/teater inn i skulen, i tillegg til dans, song, og musikkinstrument. Vi fekk då ein skule som skulle tilby opplæring til dei som ynskjer det utover det som grunnskulen tilbyr i estetiske fag.

Over 30% av alle born og unge som går i grunnskulen i Herøy, deltek på eitt eller fleire fag i kulturskulen. I dette skuleåret har vi om lag 420 elevplassar, der nesten halvparten av desse er med på dansegrupper.

Laurdag 15.juni blir det stort show på Herøy kulturhus der det blir ein miks av dans, band, instrument og songarar på scena. Dette blir også ei jubileumsmarkering for Herøy kulturskule der vi inviterer ordførar, kommunedirektør, politikarar og alle andre til å vere med og oppleve.  

Det er verdt å feire at vår eigen kulturskule har vore aktiv i 50 år, og hugs gjerne 21.januar 1974 som starten på denne suksesshistoria.

KREATIVITET - ENERGI – TRIVSEL – MEISTRING

Gjennom aktivitetane i kulturskulen er vi med på å skape positive opplevingar for barn og unge i Herøy kommune. Ved å kombinere kreativitet, energi, trivsel og meistring i våre fagtilbod, bidrar vi til å styrkje oppvekstvilkåra i kommunen vår.

Herøy kulturskule har som strategi å tilpasse seg endrande tider, samtidig som vi held fast ved nokre tradisjonelle prinsipp. Det er ikkje ukjent at musikksjangrar og trendar endrar seg, og teknologiutviklinga gjer at desse endringane skjer raskt. Likevel, for å bli dyktig på eit instrument, i song, drama, visuell kunst, dans og meir, må ein lære seg øving. Dette inneber ofte repetisjon og innsats. I ei tid der ungdom ofte ønskjer stadig nye impulser og endringar, kan timane med læraren i kulturskulen vere ein motvekt. Gjennom individuell oppfølging set vi læringsmål som fører til at elevane opptrer på scene for eit publikum i løpet av skuleåret. Mykje skjer med elevane i løpet av eit skuleår, og etter kvart kjem kjensla av meistring og auka sjølvtillit når dei har arbeidd hardt for å nå måla.

Den gleda over meistring og den auka sjølvtilliten ser vi heldigvis mykje av, og vi ynskjer at endå fleire born og unge skal få oppleve dette i Herøy kulturskule.