Band
Om du har spelt på gitar, slagverk, bass eller keyboard/piano ei stund, er du kanskje klar for å spele i band? Kanskje du har lyst til å synge i band?
I faget Band får eleven trening i å spele/synge saman med andre, fast ein gong i veka. Vi jobbar med å lære å lytte til kvarandre når vi spelar i lag. Vi trenar oss på dynamikk, tempo, låtarrangement og framføring.
60 minutt øving kvar veke på Herøy kulturhus.
Aldersgrense 12 år.
Lærar: Knut Vegar Prytz