Musikkteknologi

I dette nye fagtilbudet vil elevane få ei praktisk innføring i bruk av appen GarageBand på iPad, og målet er at elevane skal få oppleve meistring og glede ved å bruke nettbrett på ein kreativ måte til å arrangere/komponere eigen musikk.
Elevane vil i tillegg få auka kunnskap om mellom anna rytmikk, musikalske sjangrar og musikkuttrykk.
 
Elevane skal mot slutten av kvart semester ha arrangert/komponert fleire musikkstykker som skal kunne presenterast for publikum, samt publiserast på internett.
 
Undervisninga blir gruppebasert, og det vil også bli satsa på prosjektsamarbeid med tanke på å komponere musikk som kan brukast for eksempel i danseforestillingar.
 
Krav til alder og forkunnskaper:
Må vere over 9 år og ha grunnleggande kunnskap i bruk av nettbrett/mobiltelefon/datamaskin. Treng ikkje å kunne spele noko musikkinstrument.
 
Utstyrskrav: 
- Elevane må ta med egne hodetelefonar med minijack-kobling.
- Kulturskulen sørgar for at elevane får låne iPad på kurset. (Kan ikkje lånast med heim)
- Dei som har eigen iPad med ferdig installert GarageBand kan ta med den.
 
Undervisninga vil foregå på kulturhuset, men dersom det kjem nok søkjarar vil vi vurdere å også tilby dette faget andre stadar. 
 
Lærar: Knut Vegar Prytz

Påmelding